Nordre KrossfonnutenDu går frå Fodna støl på Reinsnosvegen. Vist du har mulighet så gå innover nuten og ned på Ljosavatnet i Reinsnos kjempe flott tur. her får du alt fra skog til høgfjell på 4-5timers tur og retur. Tjoaminnet - ein perfekt dagSnart stemmer føret, været og stemningen og du kan stikka på fjellet og ha din finaste skitur i historien. Du burde faktisk ta turen over Tjoaminnet slik som Odda IL Alpint gjorde i april i år: Gått opp ein gang. Gikk til eg såg Kirkenuten i det fjerne, for vel ned til Steinavatnet og Haugsnut. Kan det stemme? Uansett; trur det er den finaste skituren eg har hatt nokon gong. Seljestad er fjellet! Tur til Sandnuten i Reinsnos.Odda/Ullensvang turlag tar turen til Sandnuten(1349m.o.h) På veg opp går vi forbi minneplato etter flyslepp til Hjemefronten under andreverdenskrig. På toppen ser vi Kyrkjenuten,Jordalstølen,Holmaskjeri og mykje meir. Kontakt mann Bjarne Sjurstræ Øvre Sandvatn på saudafjellet.Du beggyne turen ved Saudaveien det går ein anleggsvei av til Nedre Sandvatnet. Fint turforslag er å gå inn til Øvre Sandvatnhytta og ligge over der gå dags tur opp mot kyrkjenuten. Nåsastølen i Reinsnos.Du beggyner turen innerst i reinsnos på parkkeringa på haugen. Buerbréen
Mange turistar finn vegen til Buerbreen. Gjer det du og. Bilveg til Buer er godt skilta. Du tek av frå riksveg 13 ved Vasstun. Ved vegenden er det parkeringsplass og kiosk. Fyrste del av turen går i relativt lett og frodig landskap. Stien kryssar ei rekkje bekker og elvar og vert etterkvart litt brattare. Men det plagar deg ikkje, for no byrjar det og å verta spennande. Vegetasjonen forsvinn litt etterkvart, medan grunnfjell og isbre tek over. Øvste del av stien er til tider så bratt at du må bruka tau. Men med litt varsemd er det ikkje verre å ta seg fram her enn mange andre stader. Dersom ein i staden for å gå heilt opp til Buerbreen, kan ein ta til til høgre og opp Langgrø. Her kan ein vidare koma seg opp på Folgefonna og eventuelt gå over til Holmaskjerhytta. Me finn det elles verdt å understreka at ein skal halda god avstand til sjølve bréen. Dersom ein ysnkjer å ta turen innpå, bør ein kontakta profesjonelle breførarar. Teksten er skrive av Johannes H. Sekse KjeåsenKjeåsen er best å oppleva når du har slite deg opp til fots. Me vil difor tilrå deg å gå den gamle vegen. Det er vel verdt bryet. Du køyrer frå Eidfjord til Simadal, der du parkerer ved Sima Kraftstasjon. Herifrå går du langs fjorden. Det er lagt stolpar til å gå på. Litt lenger borte byrjar vegen å stiga kraftig. I starten er denne vegen som ein annan sti, men litt etter kvart forsvinn lausmassane og det er att nesten berre berget. Stien er lagt delvis på stokkar og delvis er han murt opp. Mange stader har du fantastisk utsikt. Halvvegs oppe kan du ta ein kvil under ein spesiell heller. Her la dei ofte frå seg varer for å gå ned att og henta meir. Medan du går her, kan du tenkja deg attende i tida. Då dette var den einaste tilkomsten. Her bar dei kalvar opp og let dei veksa opp på plassen. Å driva kyr opp hit var fåfengt. Eit kjent måleri syner elles korleis dei fraktar ned ei likkiste frå fjellgarden. Seinare kom det taubane og med kraftutbygginga kom bilveg.
Trolltunga
Dersom du er heldig, startar denne turen med trallebanen frå Skjeggedal til Topp. Du tek av frå riksveg 13 i Tyssedal, og parkerer ved nedre stasjon når du er komen opp til Skjeggedal. For tidspunkt når trallebanen går, bør du kontakta turistinformasjonen i Odda. Frå Topp fylgjer du t-merka sti mot Tyssevassbu. Etter ei bratt stigning opp Trombeskard, kjem du til eit vegdele. Den eine går vidare til Tyssevassbu. Stien inn mot Trolltunga, går til høgre, slakt nedover frå Trombeskard. Han går vidare forbi Hestaflåene, bak Endenut og forbi Tyssebotn. Her passerer ein dei tidlegare så kjende Tyssestrengene. Dei som ynskjer overnatta, må hugsa å få med seg nøkkel til Reinaskårbua. Det får ein på Tenestetorget til Odda kommune. Gangtid frå trallebanen er rundt tre og ein halv time. I staden for å gå same veg heim att, kan ein halda fram via Preikestolen, og fylgja Teksten er skrive av Johannes H. Sekse Frå fjord til fonn
Følges av 44 medlemmer.
Langs fjord og fjell, frå fjord til fonn, mellom Haukeli og nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Frå fjord til fonn er en sone på Origo. Les mer Annonse | ||